God dag! Mitt namn er Nergaard, spelemann Gard Nergaard. Eg kjem frå Øyslebø og er folkemusikar. Eg spelar hardingfele og flatfele, og "mine" tradisjonar er Mandalen (dalføret der eg bur) og Setesdal. Men eg spelar au andre instrument og andre musikkslag. På denne sida vil eg prøva å opplysa noko om kva som er på gang. Framleis er ho tolleg ny, men eg prøvar å skriva når eg fær tid, so ha tolmod, folk. Eg takkar for attendemelding og all merksemd rundt sida!


Drøymestipend!

Skrevet den 09. 6 2009 av gard

Eg hev visst det lenge (og ikkje sagt det til ei sjel), men fredag vart det offisielt: Eg hadde fenge Drøymestipend, på 10 000 kr! Difor var eg sundag 07. juni i Fjellhallen på Lindesnes for utdeling av dette. Det var au mange innslag frå ymse kulturskular rundt i fylket. Det er lett å gløyma kor mykje flinke ungdomar der er rundt om, men eg vart huga til å få til noko med sume av desse, for dei var flinke mange.

Kva skal eg då gjera medan eg enno er rik? Vel, det er alltid ting som ein hev bruk for, og eg ynskjer jo alltid betre felor, men nett no er det gjerne eit ljodkort til Mac’en eg gjeng for med det fyrste. Det er ikkje oppmuntrande å høyra på opptak frå innebygd datamikrofon. Eg gjeng au rundt og er meir eller mindre hugteken av ei elfela som eg hev sett på ei stund, so kanskje det vert noko ut av det no?

Eg må med det same ynskja Snorre Log Skage til lukka med Drøymestipendet hans. Eg vart kjend med homon på UKM Landsmønstringi i Trondheim 2009. Han teiknar bilete som er som er so utførlege og nøgne at ein kan sjå på deim so lenge ein vil, og likevel ikkje oppdaga alle detaljane. Snorre er ein stilig og dyktig fyr, til lukka med stipend og alt!

TV-innspeling og Internasjonal Kulturfest!

Skrevet den 09. 6 2009 av gard

Det er rart med hendingar, at dei plar klumpa seg saman på same tid. Når ein hev eit slikt fjell av gjeremål rett føre seg, klarar ein ikkje å sjå det som kjem etter. Ikkje lenge sidan oppdaga eg brått at det er berre om lag to vekor att til Landskappleiken, det kom som noko av eit sjokk på meg.

Laurdag stod eg opp umenneskeleg tidleg, for laurdag å vera, for å koma tidsnok til Kristiansand. Det var Open Dag på NRK-huset i byen, og Øyvind Liseth hadde tidlegare slengt inn ein søknad på eit tilbod om å få høve til å gjera ein profesjonell TV-produksjon der, og havt lukka med seg.

På eit speltile (norsk for ei scena, barsk eller kva?) i den store hallen var det rigga opp med mikrofonar og alt, og rundt oss var 5 kamera (på store fotballkampar plar vera 12 kamera sa dei…), og ein stor TV-produksjonsbuss som dei sender rundt til ymse greior. So spela me ein medley me laga føre UKM i år, om og om att, medan kamerafolki svirra rundt. Til slutt var produsenten i bussen nøgd, og me fær ein ferdig klypt “musikkvideo” so snart det er klart. Alt det utstyret på oss var jo noko av kanonar på sporvar, men sjølvsagt: di meir løye var det for oss=)

Seinare på kvelden spela eg på Internasjonal Kulturfest på Samsen Kulturhus, saman med Stian Hildebrand, ein dyktig beatboxer. Me hadde arrangert noko ut av Tango Tzigane Jalousie og Dovegubbens Hall. Det morosame var at me vart presanterte som “fusion av samtidsungdomskultur og norsk tradisjon”. Jammen godt at tango er rekna som norsk folkedans av NU, elles hadde det vorte bom! Det var uvant å spela slikt fiolinspel for folk, og serleg cadenzaen på byrjingi av Jalousie kunne ha vorte verkeleg undergang, men det gjekk, må eg seia, heilt fint, jamvel i dei høgste posisjonane. Fleire gonger den kvelden presenterte eg meg som fiolinist utan å tenkja meg om. Eg hev tinga time hjå lækjaren for dette, og vonar det gjeng over.

Eg på Folkemusikktimen!

Skrevet den 06. 6 2009 av gard

I etterkant av både sendingi den 31. mai og reprisa fekk eg vita at eg hadde vore å høyra på Folkemusikktimen på NRK P2! Tilmed nergaard.org hadde vorte nemnd! Visseleg er det for dårleg at eg ikkje høyrer på Folkemusikktimen kvar sundag, men det synest som at § Ørten i naturlovene seier at det aldri passer seg slik. Eg fekk heldigvis høyra greia på Verdsveven seinare.

Rett før Landskappleiken 2008 var eg på UKM Landsmønstringi i Trondheim. Der spela, song og fortalde eg slåtten, slåttestevet og historia til hallingen ‘Aller var eg glad’. Eg meiner at det er eit av dei beste arrengementi eg hev laga.

Etter UKM tok eg toget beint til Oppdal og Landskappleiken, og sat ein av dagane etter og skulle høyra på Open Klasse. Då var det at dei frå scena gjorde kjent at dersom nokon ville melda seg på DÅ, so opna dei for “spontanpåmelding”. Korleis kunne eg ikkje?

Vel, det veit ikkje eg heller. Difor vart det til at eg framførde “Aller var eg glad” på Open Klassa på Landskappleiken, og dette var det som vart sendt på Folkemusikktimen på P2. Eg vann ikkje Open Klasse, men ifylgje folkemusikk.no vann eg “sjarmøretappen”, og må seia meg veldig nøgd med det =)

Gild konsert i Bakgården!

Skrevet den 31. 5 2009 av gard

No er det alt ei stund sidan, men betre seint enn aldri, og eg må få skriva korleis konserten no gjekk.

Det såg ikkje lovande ut då eg kom til Bakgården, og det enno draup på scena og der publikum forhåpentlegvis ville sitja om ikkje lenge. Det var strekt over nokre segldukar som mellombels tak. Visst ville det vera til hjelp dersom himmelen opna seg, men det kunne fort verta noko intimt på scena dersom Johanne og eg måtte trekkja oss saman, unna dei opne stadene i duken.

Men, vêret heldt, og det gjorde publikum au! Tusen hjarteleg takk, gode folk! Bakgården var so å seia full, og ein hop frå klassen til Johanne hadde tilmed teke turen, og var med og skapa stemning.

Me hadde lagt opp til eit variert program, og det såg ut til at det fungerte. Utpå slutten var me so dristige at me lura oss til med nokre stykke frå Statane, og spela Bruce Molsky, og til og med eit improvisert bluesnummer (Johanne og eg hadde berre avtala når me skulle byta på å basa og å improvisera). Serleg dette bluesnummeret var godt motteke av klassafolki til Johanne =)

Ved vegs ende gjorde publikum det klart at dei ville høyra meir, men kva gjer to stakkarar når dei ikkje hev tenkt på dette før? Jaudå, det gjekk fint. Etter å ha kome gjennom djervskapen på dei førre nummeri, tok me dette fint på sparket, det gjorde publikum au; klassa til Johanne hadde nettopp havt om folkemusikk, og hadde tydeleg lært noko halling. Soleis vart det til at konserten avslutta med sparking av sitjeunderlag.

Takk igjen til alle som kom! Om de hadde det ein brøkdel so greitt som Johanne og eg under konserten, kan det ikkje ha vore ille!

Konsert på Bakgården i Arendal!

Skrevet den 18. 5 2009 av gard

Fredag 22. mai, klokka 20:00 brakar det laus med konsert på Bakgården i Arendal.

Johanne Flottorp og eg vil saman presentera stoff frå den nye plata som skal lanserast snarast. Eg kan lova ein spennande og variert konsert. Johanne representerer speltradisjonane rundt heimstaden Åmli, og eg tradisjonane rundt mi heimbygd Øyslebø. Me er altso frå kvar vår kant av Agder, og dette vil visast gjennom det me vil framføra.

Billettar kan kjøpast på førehand i kulturhuset eller i døri (170,-)

Velkomen!