Gild konsert i Bakgården!
Skrevet den 31. 5 2009 av gard
No er det alt ei stund sidan, men betre seint enn aldri, og eg må få skriva korleis konserten no gjekk.
Det såg ikkje lovande ut då eg kom til Bakgården, og det enno draup på scena og der publikum forhåpentlegvis ville sitja om ikkje lenge. Det var strekt over nokre segldukar som mellombels tak. Visst ville det vera til hjelp dersom himmelen opna seg, men det kunne fort verta noko intimt på scena dersom Johanne og eg måtte trekkja oss saman, unna dei opne stadene i duken.
Men, vêret heldt, og det gjorde publikum au! Tusen hjarteleg takk, gode folk! Bakgården var so å seia full, og ein hop frå klassen til Johanne hadde tilmed teke turen, og var med og skapa stemning.
Me hadde lagt opp til eit variert program, og det såg ut til at det fungerte. Utpå slutten var me so dristige at me lura oss til med nokre stykke frå Statane, og spela Bruce Molsky, og til og med eit improvisert bluesnummer (Johanne og eg hadde berre avtala når me skulle byta på å basa og å improvisera). Serleg dette bluesnummeret var godt motteke av klassafolki til Johanne =)
Ved vegs ende gjorde publikum det klart at dei ville høyra meir, men kva gjer to stakkarar når dei ikkje hev tenkt på dette før? Jaudå, det gjekk fint. Etter å ha kome gjennom djervskapen på dei førre nummeri, tok me dette fint på sparket, det gjorde publikum au; klassa til Johanne hadde nettopp havt om folkemusikk, og hadde tydeleg lært noko halling. Soleis vart det til at konserten avslutta med sparking av sitjeunderlag.
Takk igjen til alle som kom! Om de hadde det ein brøkdel so greitt som Johanne og eg under konserten, kan det ikkje ha vore ille!