TV-innspeling og Internasjonal Kulturfest!

Skrevet den 09. 6 2009 av gard

Det er rart med hendingar, at dei plar klumpa seg saman på same tid. Når ein hev eit slikt fjell av gjeremål rett føre seg, klarar ein ikkje å sjå det som kjem etter. Ikkje lenge sidan oppdaga eg brått at det er berre om lag to vekor att til Landskappleiken, det kom som noko av eit sjokk på meg.

Laurdag stod eg opp umenneskeleg tidleg, for laurdag å vera, for å koma tidsnok til Kristiansand. Det var Open Dag på NRK-huset i byen, og Øyvind Liseth hadde tidlegare slengt inn ein søknad på eit tilbod om å få høve til å gjera ein profesjonell TV-produksjon der, og havt lukka med seg.

På eit speltile (norsk for ei scena, barsk eller kva?) i den store hallen var det rigga opp med mikrofonar og alt, og rundt oss var 5 kamera (på store fotballkampar plar vera 12 kamera sa dei…), og ein stor TV-produksjonsbuss som dei sender rundt til ymse greior. So spela me ein medley me laga føre UKM i år, om og om att, medan kamerafolki svirra rundt. Til slutt var produsenten i bussen nøgd, og me fær ein ferdig klypt “musikkvideo” so snart det er klart. Alt det utstyret på oss var jo noko av kanonar på sporvar, men sjølvsagt: di meir løye var det for oss=)

Seinare på kvelden spela eg på Internasjonal Kulturfest på Samsen Kulturhus, saman med Stian Hildebrand, ein dyktig beatboxer. Me hadde arrangert noko ut av Tango Tzigane Jalousie og Dovegubbens Hall. Det morosame var at me vart presanterte som “fusion av samtidsungdomskultur og norsk tradisjon”. Jammen godt at tango er rekna som norsk folkedans av NU, elles hadde det vorte bom! Det var uvant å spela slikt fiolinspel for folk, og serleg cadenzaen på byrjingi av Jalousie kunne ha vorte verkeleg undergang, men det gjekk, må eg seia, heilt fint, jamvel i dei høgste posisjonane. Fleire gonger den kvelden presenterte eg meg som fiolinist utan å tenkja meg om. Eg hev tinga time hjå lækjaren for dette, og vonar det gjeng over.

Kommentar sjappa er diverre stengt for i dag.