Bryllaup og Skoies Hestefestival
Skrevet den 24. 7 2009 av gardKvifor gifter ein seg kristeleg når presten ikkje so mykje som kan syta for fint vêr? Laurdag 11. juli spela eg i bryllaupet til Marita Sørli og Anders Hunstad. Vigsla skulle vera ute på Risøbank. Det var Lord Salvesen frå Leith i Skottland som rundt 1900 laga seg dette flotte området, med digre hus, lysthus, plenar, tennisbane, strender, osb., for å ha ein stad å feriera.
Berre minutt før vigsla byrja det å yra berre heilt varsamt. Og på slaget 1, då vigsla skulle taka til, sette det i å hølja ned. Dette var ikkje med-regna. Heldigvis gjekk det raskt å flytta den raude lauparen inn i eit stort telt, og vigsla tok til som om ingenting hadde hendt. Men der eg stod og hadde møysFor då eg stod midt på lauparen og sette bogen min på strengene etter at brudgomen hadde fenge kyssa brudi, høyrde eg ikkje ein reinstemd kvint, men noko meir mot ein liten sekst. I ein liten augeblink hata eg meg sjølv kraftig for at eg ikkje bruka stålstreng. Tarmstrenger hev jo som kjent mjukare i ljoden og hev større breidd av utrykk i seg m. m., men når eit stort, vått brudefylgje vel å trengja seg inn i eit so vidt stort nok partytelt på same tid, må tarmstrengene seia ifrå.
Alle var likevel nøgde, og det såg ut til at dei færraste (og skræmande er det) hadde høyrt noko til dei sere intervalli mellom felestrengene mine. Ein skal korkje undervurdera sine evnor til å vrida fingrane eller overvurdera høyrsla til folk.
Rett derifrå reiste eg til Tredal. Der var det au noko improvisasjon, for eigentleg skulle eg spela hardingfela medan eg skulle koma ridane på ein hest, og Ulf-Arne Johannessen skulle dansa halling føre. Men framsyningi vart flytt inn i ein låve grunna høljevêret, og hesten vart kutta ut med det same (eg kunne pusta letta ut). Fyrst dansa Ulf-Arne ein hallingspringar saman med Merete Lia, som hadde kome heilt frå Lunde (oppi Telemark der) berre for å sjå på oss (kor koseleg!). Og so etterpå dansa Ulf-Arne ein halling eine. Og då me var ferdige og tilmed hadde pakka og gjenge ut, måtte me inn att og taka ein liten halling, for der stod ei liti jenta med raude, våte augo for ho hadde gjenge glipp av danseoppvisingi i stad!
