Telemarkfestivalen

Skrevet den 24. 7 2009 av gard

Eg ligg noko etter med skrivingi, difor vert det noko stutt om Telemarkfestivalen, same kor løye det var der.

Sidan eg fekk Eckbo Legaters Folkemusikkpris til Unge Utøvere (nokso viss på at namnet er slik, ja) på Telemarkfestivalen i fjor, skulle eg då gjera gjengjeld i år med å spela på opningi torsdag 16. juli. Eg var tolleg rådvill føre dette, for eg ana ikkje kva eg skulle spela. Eg ynskte gjera eitkvart annleis enn vanleg, eg kjente for å slå noko ifrå meg. Difor improviserte eg ein cadenza, og gjekk so over i ein reinlendar som eg hadde smelt saman nokre dagar føre. Og innimellom hadde eg nokre sere klangar som var inspirert av Tito Puente. Eg kosa meg maksimalt då eg spela desse, dei var verkeleg grumme.

I utgangspunktet skulle eg reisa heim dagen etter, men eg treivst so at eg vart fyrst til laurdag, og reiste til slutt ikkje heim før måndag.

Det var bra konsertar, folk, stemning og alt som høyrer med. Han gjorde ikkje noko veldig utanom det vanlege, men eg lika serleg konserten med Ottar Kåsa. Midnattskonserten på Kvennøya med danske Valravn var au stemningsfull. Eg plar ikkje lika slik “modernisert” folkemusikk, men Valravn klara å taka vare på folkemusikken på ein verdig måte i all elektronikken. Framsyningi med Frikar and the Snuff Grinders var au bisneleg og bra. Det var som å sjå ein skikkeleg bra film på kino, med ei stor overdose inntrykk, utan at det vart slitsamt. Det var mange fleire kjempebra konsertar, men no hev eg skrive nok.

Ein kommentar til “Telemarkfestivalen”

  1. Dette er ein test! :)