Workshop i Malmö

Skrevet den 13. 7 2009 av gard

Rett frå NM i Folkemusikk tok me tog, fly og tog att til Malmö i Sverike. “Me” er Guro Kvifte Nesheim, Sina Myhr, Hans Kjorstad og eg. I Malmö var me måndag og tysdag (29. – 30. juni) med på ein workshop saman med fire svenske ungdomar. Med oss var Vegar Vårdal, Patrik Andersson og komponisten Daniel Hjorth.

Me skal saman laga eit nytt folkemusikkverk som me vil framføra på Happy Days-festivalen i Oslo 19. – 23. august. Me skal ha ein workshop rett føre sjølve festivalen au, og eg meiner at det skal koma til endå fleire unge folkemusikarar då.

Me arbeidde mykje med klangbilete og stemning. Ei fela er ikkje alltid berre ei fela. Men no kan det henda eg ikkje bør seia for mykje. Folk fær heller koma til Oslo i august og høyra på.

Kommentar sjappa er diverre stengt for i dag.