Noregs Ungdomsring og Folkekulturfestivalen med Årsmøte
Skrevet den 07. 8 2009 av gardSo sit eg endå ein gong med reggae på høgtalarane og skriv eit kort opprit av mi festivaloppleving.
Noregs Ungdomsring (NUR) er ein leir som vert arrangert føre Folkekulturfestivalen kvart år. Då kjem ungdomar frå heile landet og deltek på kurs i folkedans, spel eller teater. I år var me over 50, utan at eg hev noko nøye tal, dei fleste på dans, der eg au var. I år var det 1900-talsdansar som var i elden, og me lærde dansar som onestep, tango, twist, gådans m. m. Dette er altso norsk folkedans ifylgje Noregs Ungomslag (Landslaget for Spelemenn hev eit anna syn, men eg som er medlem i båe desse samskipnadene kan seia at LfS må slutta å nauta seg om dette).
Eg kan ikkje målbera sterkt nok kor bra NUR er. Eg var med fyrste gong i fjor. Når sumaren no skal planleggjast, er NUR noko av det fyrste eg rissar opp i kalenderen. Kursi er ovbra, lærarane er ein gjeng flogvit, og det sosiale er uvurderleg. Var ein skikkeleg lur, vart ein med resten av veka au, på Folkekulturfestivalen. Det er NU sitt største stemne. Til neste år skiftar det namn til Folkedansfestivalen, og det nye namnet seier kan henda meir om kva greia gjeng ut på.
Torsdag og fredag var eg på Årsmøtet (eg skriv det med stor bokstav, for det vert nesten handsama som ein person). Eg var utsending frå Vest-Agder Ungdomslag (der eg er nestleiar). Eg hadde sett fram til kaffi og kjeks, og det fekk eg, med mykje meir. Eg kjende vinden i håret under debattane. Det var kos! 12 timar med årsmøte var for ingenting å rekna. Til neste år vert Landsmøtet (dei brigda namnet på dette au) åtskilt Folkedansfestivalen, men då vert det vel til at eg reiser på båe.
Eg skriv ikkje meir, for eg skal au skriva avisartikkel frå denne veka, so eg lyt spara fingrane noko.

(Slik hekk me gjennom ein heil time, like stae båe to. Det enda med at me vart rivne ned, for folk var trøytte av å SJÅ på.)
Da blir du jo sterk, hvis du henger sånn!
Hahaha! Fint aa faa hengt litt. Maa si at jeg beundrer sidemaalet ditt.