Plateslepp og alt anna!

Skrevet den 14. 11 2009 av gard

No er plata endeleg komi!

I lang tid hev Johanne Flottorp, Tor Hoslemo og eg arbeidt i studio i lag med vår produsent Daniel Sandén-Warg. Resultatet er no kome, og plata “Dalstroka innafor” gjev me ut hjå Etnisk Musikklubb. Med kvar våre tradisjonar i bagasjen kjem me saman og gjev og tek av einannan, i samspel og solo.

Eg ynskte med denne plata å visa fram noko av musikken eg hev frå Paul Sveinall. Musikken frå Marnardal og dalføret  hev eit lyrisk og melodiøst føredrag som som er eit serdrag som er ulikt alle dei områdi som ligg ikring. Diverre hev tradisjonen kome i skuggen av andre høgre vyrde tradisjonane. Med dei slåttane eg presenterer på Dalstroka innafor, ynskjer eg å retta noko på det.

Samarbeidet med Tor Hoslemo og Johanne Flottorp, og ikkje minst Daniel Sandén-Warg, hev vore lærerikt og gjevande, og det er jo alltid kos å gå i studio. No som resultatet er kome, er eg nøgd på alle måtar og om eg skal seia det sjølv, nokso imponert over kva det vart til. Mine medmusikarar er dyktige, og alltid når eg høyrer deim vert eg like imponert. Eg vonar at me steller i stand nye saker vidare, det vert vel fort til det=)

Sidan sist hev mykje hendt. Det er difor eg ikkje hev skrive. Eit kort opprit av det eg hev delteke på: 19. – 23. august: Happy Days Festivalen i Oslo, 28. – 30. august: eg heldt workshop, konserter og spela til dans på Nordsjøfestivalen i Farsund, 9. – 11. september: eg var med UKM-bussen som køyrde rundt og heldt framsyningar på 15 skular i fylket for å reklamera for UKM, 25. – 27. september: eg spela til dansekurs for Ungdomsringen Salten på Nygårdsjøen, 2. – 4. oktober: Egdingen Ungdomsring (der eg sit i styret) hadde helgesamling i Valle med teater- og dansekurs, 7. oktober: saman med Stian ‘Kid’ Hildebrand spela eg på bystyremøte i Kristiansand, og imellom alt dette hevdet vore usannsynleg mykje styremøte, øving, speletimar og alt.

Nett no tek eg det med ro, øver litt, og vonar at plata vert møtt positivt.

3 kommentarar til “Plateslepp og alt anna!”

  1. Gratulerar! Fekk plata i posten i går – hurra! :D Du har god grunn til å vera nøgd med resultatet, det er so fint, alt! De er kjempeflinke.

    Det er forresten kjekt å sjå at du tenkjer oppdatera sida di ein gong i halvåret, iallfall. ;-)

  2. Grattis med plata :) Ok, det er en stund siden nå, men likevel =P
    Jeg fikk den til jul =D

  3. Deberías de tener una versión en inglés o español para que yo pueda leerte. Sí, ya sé que es un poco egoísta de mi parte pedirlo, pero tenía que intentarlo.