Svans på festival og i bryllaup

Skrevet den 05. 8 2010 av gard

Dei siste vekene har eg vore innom fleire ytterpunkt. Fyrst var eg på fjellet ei veke med mi veninne Kaja. Me gjekk dagsmarsjar på opptil 12 timar (ein skal ikkje kimse åt fiolinistars fysiske form, nei). Me gjekk frå Dølemo, via Skarsvassbu og Grunnetjørnsbu til Mjåvasshytta og attende. Det var ein minneverdig tur, og eg takkar for fylgjet=)

Så rakk eg så vidt innom hybelen for å dusja og pakka til Moldejazz. Etter ei veke utan nokon som helst musikk utanifrå var eg som stoveteppet idet bikkja set seg og tissar, eg saug til meg alt som var. For å raskt nemna nokre høgdepunkt: In The Country, Sonny Rollins, Ig Hennemann & Ab Baars, Herbie Hancock, Ola Kvernberg, Puma, Bobby McFerrin og IPA. Kanskje var IPA og Herbie Hancock toppen?

Berre så vidt komen heim gjekk me (så smått i ei tidsklemme) i gang med hardcore øving med Svans, stringswingbandet eg spelar i. På fredagen spela me konsert på Tall Ships Races i Kristiansand, og seinare på dagen spela me taffel på den polske fullriggaren Dar Młodzieży. Serleg taffelspelinga var skikkeleg triveleg, det var avslappa og fritt.

Kvelden etter (natta med for så vidt) var me bryllaupsmusikk. Tidlegare same dag hadde eg spela i kyrkja då fløytisten og gitaristen i Duo Saxe, Charlotte Udø Adriaenssens og Runar Kjeldsberg Jakobsen, gifta seg. På kvelden var det fest på Udøy utanfor Mandal, og Svans stod for musikken. Dette var eit kick for samtlege bandmedlemer trur eg, det var rett og slett skikkeleg gøy å spela her. Folk dansa, høyrde på, prata og lo, åt og drakk, medan me berre koste oss med musikken.

I morgon (fr 6. august klokka 20:00, dørene opnar 19:00) spelar eg med Helene Bøksle når ho kjem til Kulturfabrikken i Mandal for å halda konsert. Kom og høyr, folkens!

(Frå høgre: Lars Anfrido Emmeltun (b), Nemanja Lakicevic (g), Kristian Ringen (g), Nils Jørgen Nilsen (t) og eg på fele under Tall Ships Races.)

Kommentar sjappa er diverre stengt for i dag.