Og det haustast…
Skrevet den 05. 10 2010 av gardFor å ta det der eg slapp sist, kan eg jo byrja med at konserten med Helene Bøksle var storarta. Helene er ein flott musikar på alle måtar, og når eg vert spurd om å spela med henne er jo det ei stor oppmuntring, og eg var inspirerande å sjå innanfrå korleis bandet hennar og ho fungerte på scena. Myrull, gruppa som varma opp, lyt ein forresten merkja seg, dei spelar nær og ærleg musikk.
Etter det har det vore skulestart og festivalar. Norsjøfestivalen er jo tidenes festival (var det 8. året på rad eg var der i år kanskje?), og i år som alltid lukkast dei i å skapa ein lun og stemningsfull atmosfære, med supergode konsertar og kurs. Serleg konserten med Kevin Henderson Trio var inspirerande.
Sidan har det vore ein del småspeling rundt om og mykje øving, men eg vil gjerne fortelja at eg hadde ei hektisk veke i byrjinga av september. Det byrja i København. Der var det workshops i lag med andre norske, svenske, danske og færøyske folkemusikarar, med Vegar Vårdal og Tove de Fries og Jexper Holmen, ein interessant og sers inspirerande dansk komponist, som instruktørar. Eg måtte diverre reisa litt tidleg, for i slutten av veka hadde eg to konsertar på Folkelarm. Ah yeah, now we’re talking! Eg ynskte fyrst og fremst å få vist litt av meg sjølv og av Marnardalmusikken i hovudstaden, og det trur eg at eg fekk til. Eg drista meg tilmed til å syngja på nokre av slåttane, for når eg fekk spela i slikt selskap laut eg vel tøya meg litt=) Eg fekk au høyrt fleire bra konsertar, nokre av dei sette verkeleg tankane mine i sving, t. d. intimkonserten til finske Emilia Lajunen, og konsertane med Javid Afsari Rad. Stor musikk!
Og no har eg ei middels roleg haustferieveke, og har teke turen heilt heim til Marnardal for nokre dagar, og det kjennest veldig godt=)