Kva nytt?
Skrevet den 30. 12 2010 av gardNo medan jula enno heng tungt over oss og nyåret er like rundt hjørnet er det på høg tid å oppdatera litt her inne. Eg hadde planar om å skriva eit ”det skjer eigentleg ikkje så mykje nett no”-innlegg, men så hende det brått så veldig mykje!
Så kva skal ein seia når ein plutseleg fær tidenes stipend sånn rett i fanget? Det var eigentleg berre ved eit tilfelle at eg kom til å søkja på S-R-bank sitt talentutviklingsstipend. Dei skulle dela ut fem stipend på 20 000 kr, to på 50 000 kr og eitt på 100 000 kr. Så fekk ein fyrst vita at ein hadde fenge eitt av dei, men ikkje kva, men det fall meg ikkje inn noko anna enn tjuge. Men så på utdelinga viste det seg at eg hadde fenge 100 000 kr, og det kom minst like overraskande som det fyrste snøfallet kvar vetter gjer på bilistane.
Det vert dumt å skulle svara på ”kva synest du om det”, og slikt, for oppegåande menneske er vel i stand til å fatta at dette har mykje å seia for meg. Det er ikkje å leggja skjul på at det ikkje alltid er like sprudlande stemning på øvingsrommet. Men dette stipendet er ein pådrivar utan like. I tillegg til at det tek vekk mange praktiske hinder for musikken, fortel det at det eg gjer vert sett og høyrt, og slikt gjer verkeleg at ein held fram.
Truleg vert det ny flatfele no, det er på tide. Og så er det turvande med noko elektronikk. Så er det om å gjera å ta det heile med ro og vera viss på at eg kan leva med instrumentet eg vel.
Folk har ymta frampå om at eg skriv noko langdrygt her, og vel, eg vil jo gjerne prata meg ferdig når eg fyrst har teke til. Men eg tek kritikken til meg, og uansett så har eg tenkt til å nyta ferien litt her no. Men eg gjeng med tankar om noko meir jamnleg oppdatering her i året som kjem, så det fær me sjå på. Førebels ynskjer eg folk eit framleis godt 2010 så talast me i det neste. ¡Hasta entonces!
Gratulerer så mye med stipend!
Bruk pengene fornuftig og lykke til videre med utviklingen av ditt musikalske talent.
Håper å se deg til sommeren!