Det er berre to vekor sidan NM i Folkemusikk stod på (23. – 28. juni), men det kjennest allereie lenge sidan. Sumarferie! Men no sette eg meg ned med ein kopp nytrekta kaffi og for skriva noko av det som hev hendt sidan sist. Eg vil her mest taka føre meg noko av den kritikken NM i Folkemusikk hev fenge. I år var Landskappleiken og Landsfestivalen for Gamaldans slegne saman til eit digert “NM i Folkemusikk”. Eg er ikkje veldig samd i NM-namnet, det fell ikkje naturleg for meg. Det høyrest ut som eitkvart idrottsstemne (fy-og-fy!), og kvar kjem dansarane inn i eit NM i FolkeMUSIKK? Likevel skal eg omtala dei ymse stemni med dei rette namni, for at det ikkje vert kluss.
Etter å ha lese nokre artiklar i ymse aviser, ser biletet ut til å vera at NM-et ikkje var so godt lika. For stort, ugrei samanslåing av klassar, for mange tevlingar samstundes, og so bortetter. Kva tykte eg?
Eg var kjempenøgd. NM i Folkemusikk var fantastisk bra.”Problemet” med storleiken er arrangørane sitt, eg vil ikkje leggja meg opp i det. Eg tykte storleiken var perfekt. Yrjande liv på kvar ei tid av døgnet, brotevis av kjekke folk over alt! Det einaste var når du trefte folk og sa “..men me sest seinare!”, men såg dei aldri att i folkemengdi. Men jøss, skal ein på daud og liv hava tak i nokon skal vel ikkje det vera største kneiki i 2009. Storleiken til stemnet var best!
Plent samanslåingi av tevlingsklassar var noko ymis, der er eg samd. Eg ville ikkje vore glad for å tevla i lag med trekkspelarane dersom eg var durspelar. Skiljet mellom bygdedans- og gamaldansspel må ein ikkje sjå bort frå. Hadde flatfela og hardingfela vorte slegne saman, hadde eg skrike høgt. Og når det er tale om tevlingane, kva var greia med å trengja brorparten av deim saman på fredag og laurdag? Nett det var noko stor tøys. På onsdag og torsdag var det store hòl i programmet, eg gjekk rundt og dreiv dank. På fredag og laurdag derimot, måtte eg berre gjeva opp å sjå alt eg ynskte, for det var so mange tevlingar samstundes!
Matstellet må skal eg au seia noko på. Eg åt ikkje ein gong i matteltet. Vegetarianaren kika greitt opp på menyet over utsalet: “Fisk” til vinstre, “Kjøt” til høgre. Men himmel, det er då mitt problem kva eg et og ikkje. Hadde eg vore kjøtetar, hadde eg jamvel snutt då eg såg prisane.
Alt i alt meiner eg at det meste av det som NM i Folkemusikk no fær kvass kritikk for, kan rettast opp greitt. Dersom ein kan finna arrangørar som vil taka på seg noko so stort, so er det berre å sjå betre på klassesamanslåingi og spreia tevlingane meir jamt utover kappleiksdagane, og eg kan ikkje tenkja meg ein betre kappleik.
So det var det som var verdt å taka fram av klagor. Det er langt enklare å skriva nedsetjande enn motsett, det skjønar ein jo so snart ein tek i ei avis. Men eg sit attende etter enda stemne med ei positiv kjensla i meg. Eg fekk bilskyss opp til Geilo, og kom fram i god tid før opningskonserten og Open klasse. Det var sers lurt, tykkjer eg, å ha desse to i eitt. At nokon tør taka på seg dømingi i Open klasse er verkeleg imponerande. So få haldepunkt og so mykje synsing! Duoen Nina Fjeldet (flatfela) og Audun Fremmerlid Skjølberg (akustisk gitar, stålstrenger) vann. Eg tenkte det då eg sat og høyrde på, at dette kunne eg gjerne gjenge på konsert for å høyra. Gode vinnarar, til lukka!
Eg kan ikkje fortelja so frykteleg detaljert om heile kappleiken, for minni flyt meir eller mindre saman etter kvart. Ein typisk dag kunne sjå slik ut: Etter å ha stade opp og vakna (i den rekkjefylgja), var det å taka turen til butikken for å kjøpa eit langbrød og fruktsalat. Etter frukosten gjekk dagen med til tevlingar, treffa folk, spela, slappa av på klasserommet, dusjing osb. Eg var sers heldig og budde på klasserom i lag med ein brote Vinstra- og Annandstads-ungdomar, so på kveldane gjekk me gjerne og åt pizza. På lengre uti kvelden var det finalar, dans, med meir. Svevn er for dei svake, men NM-veka tok skikkeleg på.
Når det gjeld eigi tevling, so var eg oppe to gonger laurdag. Fyrst spela eg til dans. Torbjørn Bergwitz Lauen og Anbjørg Myhra Bergwitz dansa sørlandsspringar. Eg hev aldri spela til dans på Landskappleik/NM før, men det var løye. Dessutan kom dei på 11. plass av 49 trur eg, med 88 poeng. Hev eg skjøna dansepoengi riktig, so er det fyrstepremiegrad! Til lukka, Torbjørn og Anbjørg=)
Eg tevla au åleine, i hardingfele junior, og spela då to Marnardalsslåttar. Eg var tolleg nøgd med eigi speling, men ikkje resultatlista. 6. plass med 103 poeng, vel vel. Det var løye å tevla i alle fall=)
Takk til alle gode folk som gjorde NM i Folkemusikk til ei fantastisk oppleving for meg! Gleder meg allereie til neste år!
Kategori: Uncategorized
1 kommentar »