Gard Nergaard er musikar på fele og hardingfele, med folkemusikk og jazz som hovudfelt. Denne heimesida er til for å halda folk nokolunde oppdatert på det som skjer, og dessutan gje arrangørar o. l. opplysingar dei skulle trenga.


Konsert på Bakgården i Arendal!

Skrevet den 18. 5 2009 av gard

Fredag 22. mai, klokka 20:00 brakar det laus med konsert på Bakgården i Arendal.

Johanne Flottorp og eg vil saman presentera stoff frå den nye plata som skal lanserast snarast. Eg kan lova ein spennande og variert konsert. Johanne representerer speltradisjonane rundt heimstaden Åmli, og eg tradisjonane rundt mi heimbygd Øyslebø. Me er altso frå kvar vår kant av Agder, og dette vil visast gjennom det me vil framføra.

Billettar kan kjøpast på førehand i kulturhuset eller i døri (170,-)

Velkomen!