Musikalsk nomade og multi-instrumentalist med eit unikt repertoar av Agder-slåttar som grunnmur. Lang merittliste og uvanleg brei erfaring som musikar, komponist, storyteller, dansar og pedagog, like gjerne solo som i konstellasjonar.
Kalejdoskop Trio er eit prisme av den nordiske folkemusikken i nyskapande format. Hardingfele, bratsj, song, klarinett og shrutibox skaper eit sound med rå kjerne og stort rom der både domedagskoralar, inderlege viser og feitt slåttespel får plass. Det knasar og brusar som plaster på eit sår fullt av grus.
Alvina & Gard er feleduoen som med eigenkomponert folkemusikk, stort nærvære og mykje plass for improvisasjon skriv nye kapittel i den nordiske slåttetradisjonen. Musikken er ny, men begge musikarane er djupt forankra i svensk og norsk folkemusikk og har utvikla eit sprakande samspel der det er tydeleg at dei trivst.
Med ei brennande interesse for forteljinga like så vel i musikken som i andre former, har Alvina & Gard også skapt to teaterstykke for barn – Platt Planet og Tomten i leksaksfönstret, der folkemusikk og folkedans har ei viktig rolle.
© Gard Nergaard 2024